7/06/2010
Feriefleece
Eg burde pakka og rydda og ordna, men sindan det snart er ferie er det tid for monstersaum igjen. Denne gongen vart det fleecegensrar til å trekke over seg på kjølige sommarkveldar. Fine og lette ferieplagg som til og med kan brukast som pute om det trengs.
Eg har ikkje sydd hettegansrar før, så eg utstyrte meg med fem meter fleece og SikkSakk-boka til May B. Langhelle og sette i gong. Ingen mønster vart fulgt heil, men dette er variasjonar over eit par. I tillegg sydde eg ein liten genser i str "Lite søskenbarn som skal vere med på ferie". Vi håper i alle fall at den passar.
Gensrane er visst varme nok til sykkelturar òg. Vi skal reise til eit flatt og fint sykkel-land, så det passar godt at Iver akkurat har lært seg å sykle.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hihi, morsom ide og veldig søte, både monstre, gensere og barn! ;)
Flotte gensere! Monstrene ser spennende ut, henger det ene i en tynn tråd i hetta?
God ferie!
Legg inn en kommentar