9/21/2009

Prøvelapp med ugle

IMG_5823.JPG

Kva skal vi med prøvelappar, når ein kan lage luer. Eg har test litt av kvart i denne modellen.

Det nye økologiske alpakkagarnet frå Viking. Konklusjon: Det er godt å strikke med og held fasongen greit. Eg veit ikkje kor mykje det evt vil sige, men det kjennest greit ut. Før det vert genser til meg får eg teste det i litt mindre storleik, for garnet besto den viktigaste testen. Iver synest ikkje at det klør, og vil ha både sånn genser og lue. Sidan garnet er økologisk finst det berre i naturfargar og som anna alpakka røytar det litt.

Den andre testen var ugledekor etter Ysolda si enkeltugleoppskrift. Eg plukka opp åtte masker og fulgte oppskrifta. Det vart fletting frå vrangsida, men det gjekk bra. Viss du helst vil flette på framsida er det berre å starte frå baksida. Etter fellinga sydde eg den fast og brukte perler til auge og nebb.

Til slutt vart det jo ein fin, litt baggy luemodell. Her kjem oppskrifta:

Legg opp 76 masker på liten rundpinne nr 6.
Strikk 2 r og 2 vr så lenge du har lyst.
Eg strikka 14 omg.
Strikk glattstrikk til du har eit par meter garn att.
Strikk 2 r sammen til du har ca 20 masker att. Tre tråden gjennom maskene og snurp sammen.
Fest tråden og lag evt. dusk og dekor.

Vi er ikkje heilt ferdig å krangle om kven si lue det er. Det blir vel den som går fyrst ut døra om morgonen :-).

Sidan Ingebjørg og eg er einige om at bildet over er eit betre bilde av modellen enn av sjølve lua legg eg ved eitt til frå sida. Vi er inne i sesongen for litt for lite fotolys igjen.

IMG_5830.JPG

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Flott lue som kler modellen veldig godt! Ugla har eg ikkje strikka enno, men eg har printa ut mønsteret. Fin som dekor på mange ting.

marit sa...

Stilig! Jeg har dilla på ugler(men ikke fullt så gale som Turid Breidalen...)så disse enkeltstående uglene vil nok også bli strikka etterhvert...

duBedåre sa...

Det var en fin variant! Jeg har også noen ugleplaner... Men dette var en god ide til singel-uglebruk!

Felisi sa...

Jeg la merke til det garnet jeg også, men kjøpte ikke...
Fin lue, og kjempesøt modell! :)