9/30/2006

Blogiversary

060930 gevinst.jpg

1. oktober er det eitt år sidan eg brått hadde ein blogg. Eg var svært nysgjerrig på dette nye mediet og måtte finne ut av det. På dette året har eg flytta, men mitt fyrste innlegg finn de her.

Temaet gav seg sjølv sidan eg har ein konstant trong for å lage ting, og ikkje minst hentar eg kvar dag påfyll og inspirasjon frå andre hobbybloggar. Det er faktisk ikkje alt eg har laga dette året som er dokumentert, men mykje. Bloggen hjelper meg å holde den raude tråden og gjere ferdig ting. Innimellom har eg nok laga ting for å blogge dei, men no er det heldigvis omvendt. Det er eg som styrer bloggen, ikkje bloggen som styrer meg. Har eg ikkje lyst å blogge vert det rett og slett ikkje gjort.

Det aller beste og mest fascinerande er alle kommentarane eg får og alle dei eg veit er innom utan å skrive noko. De er mange det ute og eg håper at de kjem att. Eg vert veldig inspirert på mine bloggrundar og veldig glad for alle dei nye folka eg har "møtt" det siste året. Takk! Eg veit eg skulle svart alle, men tida strekk ikkje alltid til og Blogger-teknologien er ikkje alltid til hjelp.

For å feire dagen vert det i god Bloggland-tradisjon utloddning. MagFly-vesenet på bildet får ein ny heim hos ein av dei som kommenterer i denne meldinga i løpet av 1. oktober. Lykke til og takk for all motivasjon og inspirasjon.

1th of October marks the date of my very improvised blog start. You find my first post here (in norwegian).

I have a constant urge to make things, and the blog is a great way to get some of it out. I also got to try this new media. I have not blogged everything made, but the blogging helps me keeping track of what I do and why. Blogging has to be for fun and I try to keep it that way; not blogging for the blog, but because I want to share.

The best about blogging is all the readers and all the comments. I love you, and wish I could reply to everyone, but there is not always enough hours. I know there are quite a few readers out there, and I hope you will keep on returning. All you fellow bloggers give me a lot of inspiration and I'm so glad to get to "know" you.

The blogiversary will be celebrated with a draw (in a typical blogland-way). The MagFly-softie at the picture will get a new home with one of the commenters during the 1th of October.

14 kommentarer:

Gimpelise sa...

Gratulerer med 1 årsdagen i bloggverdenen.
Så flott denne figuren også er. Skulle ønske eg var like god venn med symaskina som deg. Då kunne eg og sydd slike søte ting.

mariyarn sa...

Tillyke med blogdagen. Det er fint at følge med i alle de fine ting du laver.

EM sa...

Happy Birthday to you :)

Lina sa...

Grattis :)

Och tack för all inspiration!

Strikkelise sa...

Gratulerer med jubileet!

halaisa sa...

Gratulerer så mye med bloggdagen din. Jeg er jevlig på besøk hos deg mener ikke alltid like flink til å legge igjen meldinger. Du har en veldig fin og inspirerende blogg og jeg liker spesielt godt alle de søte selvdesignede kosedyra du lager.

Anonym sa...

Happy blogiversary! I enjoy your blog and look forward to many more posts. Michele

smileull sa...

Heihå! Grattis med bloggbursdag. Må innrømme at blogiversary var eit betre namn. Guri, no trudde eg at eg var tidleg ute og ikkje vart med i trekninga, men er det 1. oktober i dag allereie? Ha ein super søndag - med den inspirerande og underfundige bloggen din!

Randi sa...

Hei på deg og gratulere med dagen.Du har en spenneden og allsidig blog. Jeg finner alltid noe spennende her. Den figuren var jo bare superduper søt, hadde jeg bare kunnet sy. Kansje en gang når jeg får ånden over meg og maskina funker som den ska.

Hekledilla sa...

Gratulerer med bloggbursdagen. Jeg er innom bloggen din jevnlig, men er dessverre ikke flink til å legge igjen kommentarer. Skal prøve å bli bedre.

Marit sa...

Gratulerer med jubileet! Har også hatt blogg en stund og kjenner meg godt igjen i det du skriver. Alltid hyggelig å titte innom bloggen din, men legger sjelden igjen spor ;)

Felisi sa...

Gtatulerer med ettårsdagen! ;o)
Bloggen din var en av de første jeg kom over, og den har gitt meg mye glede og inspirasjon! Veldig hyggelig å treffe deg "live" også :o)
Håper vi sees på strikkekafe imorgen.

Fleecetøflene til minsten ble virkelig flotte! Prøvde å legge inn kommentar til innlegget, men det gikk ikke...

yvonnep sa...

Happy blogiversary! I like to see the things you make. yvonnep

Supernøtt sa...

Nå har jeg prøvd å legge inn flere kommentarer, men de blir ikke registrert.

Jeg er en trofast titter på din blogg, og jeg liker det jeg ser :D