2/06/2011

Silkemagi - vottar av uspunne silkefiber (wip)

IMG_0914.JPG

Det er mykje strikkeinspirasjon å hente på andre strikkebloggar. Ein av mine definitive favorittar er Stephanie Pearl-McPhee, sjølvaste The Yarn Harlot. Tidlegare i veka viste ho fram dei nye vottane sine. Strikka av Matawa/ silk hankies/ silkelommetørkle - eg her ikkje funne noko norsk ord, men det er silkekokongar som vert dratt ut på ei ramme (25 cm x 25 cm) og tørka i stablar. Du kan sjå korleis ein gjer det her.

Eg måtte berre prøve. Berre tanken på vottar strikka av lause silkefiber var uimotståeleg. Før eg hadde tenkt meg om var 100 gram silke bestilt, og no er eg i gong. Det tek sjølvsagt lenger tid når eg må lage garnet under vegs, men eg gler meg sånn til det vert ferdig. Aller helst skulle eg hatt eit strikkedøgn sånn at eg fekk sitte i ro og fred å lage silkevottar.

IMG_0916.JPG

Silkefibra er så lange at ein treng ikkje spinne dei til garn før ein strikkar. Eg løftar eit silke flak forsiktig opp, lagar eit hol i midten og dreg ut til "garnet" er passe jamt og tjukt. Til desse vottane vert kvart matawa til ca to meter silke å strikke med. Eg fann ei ok bruksanvisning hos Knitty for å lære denne teknikken. Som med det meste vert ein nok flinkare med litt trening.

Det vert sjølvsagt ikkje heilt jamt, men det gjer ikkje så mykje. Strukturen er litt av sjarmen. Desse vottane er i fleirfarga silke, men eg gler meg til å prøve eit par einsfarga òg. Då kjem fibrane verkeleg til sin rett.

Nei, no må eg strikke meir. Berre eit silkeflak til, og eitt til, og eitt til... Godt det er søndag.

11 kommentarer:

Marianne sa...

Så spennende, det har jeg ikke tenkt på en gang, jeg bruker de til spinning jeg. Hva med silkeflak, kan det brukes som norsk ord?

Elin sa...

Dette hørtes virkelig kjempespennende ut! Og flott blir det også.

Ullfori sa...

Tøft !
Må vel testes ut her også ser det ut som !

Lene Ø sa...

WOW - du er flink! Det ser jo så flott ut!

Miranne sa...

- og no som eg var så godt i gang med quiltinga igjen! Silke er jo favorittfiberen. Reknar du med å bruke 100g til eit vottepar?(eg tenkjer litt på prisen) Veldig freistande å bestille seg litt til toving av skjerf/sjal.

Muffin sa...

Jøss, dette så spennende ut! Gleder meg til å se vottene ferdig!

flagstang sa...

The final result its really perfect. I really like that.

Solflekken sa...

Kjempefin hals og sprek sveis, Magni! Den sveisen kler du godt. Ja halsen også. :) Gratulerer med ny jobb også. Blir eit tap for tunet, men ein gevinst for trivselsfylket. Lykke til!

Solflekken sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hilde C. sa...

Det ser både lekkert, spennende og komplisert ut. Gleder meg til å se vottene ferdige :-)

Du har vunnet en trøstepremie i trekningen på bloggen min. Send meg navn og adresse til denne e-postadresse: hilde.- @ hotmail.com (uten mellomrommene rundt @), så får du snart trøstepremien i posten :-)

Monstermønster sa...

Oi, gøy! Hvordan er sånne silkevotter i bruk?

Folket forlanger rapport! :)