7/08/2010

Lille trille


Eg har rydda litt i garnet og fann denne vesle fyren. Han var nesten ferdig, men var blitt gløymt under nokre kilo alpakka i minst fire år.

Ein liten time samansying og dekor, og så var han klar for eventyr. Skal snart flytte til ein annan liten fyr, tenkjer eg.

Mønsteret er Kate av Jess Hutchison. Meir av Jess her.

Skal snart dukke ned og finne eit gamalt strikketøy til. Har du sett kva du har i garnhaugen i det siste?

Ingen kommentarer: