
Eg meldte meg på "Gi det vidare" hos Bea i fjor haust, og i dag kom resultatet i posten. Fantastiske vottar. Korleis kunne du vete at eg har sikla på det mønsteret ei stund. Tusen takk, Bea!
I was rewarded with a "Pay it forward"-surprise in the mail today. Bea made me Chevalier mittens. Perfect fit!

Mønsteret er Chevalier av Tikru. Sjekk ut bloggen hennar. Ho er ein av mine favorittbloggarar. Eg har veldig lyst på denne. Mønsteret kjem i Vouge Knitting til hausten.
Det passa sjølvsagt veldig bra at mine eigne "Gi det vidare"-gåver er ferdige. Ei av desse er snart på veg til aneima, men det er framleis to att. Dersom du vil ha ei lita gåve at meg er det berre å melde seg. Reglane finn du her. Kva desse posane eigentleg er vert avslørt på eit seinare tidspunkt.
