10/24/2007

"Gi det vidare" - med interiørekstra

IMG_2806.JPG

På ein bloggrunde greidde eg å dumpe borti ein slags stafett hos Bea og meldte meg på. Eg får noko i posten, og måtte love å gjennomføre dette i min blogg.
"Eg vil sende ei handlaga gåve til dei tre fyrste personane som legg att ein kommentar med ønske om å delta i GDV-utvekslinga. Eg veit ikkje kva gåva vil bli enno, du får den kanskje ikkje i morgon eller veka etter, men du vil motta den innan 364 dagar, det lovar eg!

Det einaste du treng å gjere i retur, er å "Gi det vidare" ved å love det samme på din eigen blogg".

For dei interiørinteresserte feira eg at vi har fått vask, vatn og lister på kjøkenet med eit bilete av mummikopp-samlinga vår. Desse er i bruk kvar dag.

Fleire interiørbilete kjem utover vinteren, men sidan eg bur her eg bur er ikkje fotolyset det beste etter arbeidstid.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg vil være med =0)

Lisbeth sa...

Jeg dumpet innom bloggen din og så den nyelige Mummisamlingen din. Jeg er også stor fan av Mummitrollet, men jeg har ikke på langt nær så mange kopper som du. Men jeg har i hvertfall en som er sjelden og en som det var limited edition på.
(Og så har jeg Lille My (mitt alter-ego) tatovert på overatmen)