3/18/2008
Monsterveske/ Monster totes
Laurdag feira vi våren med ny monsterveske til Iver. Han har plukka ut stoffet sjølv, valgt ut påskegult for og passa på at det vart god nok plass til Hunden. Denne modellen er enkel og grei til barnevesker. Reima ligg fint over brystet og det er plass til passeleg mange skattar. Vasking er heller ikkje noko problem.
Veska nedanfor har Iver bestilt som gåve når han skal i bursdag i morgon. Den er nesten lik Iver si, men kan brukast på begge sider avhengig av humøret til ho som skal ha den.
We had a few days of spring this weekend, and Iver celebrated the sun with a new monster tote. It's a perfect size for very important dogs and spring treasures.
Iver ordered another tote as a present for one of his friends. She can choose between monsters or flowers depending on the mood.
Søndag kveld stakk våren av att, men vi reknar med at han berre har gøymt seg litt under all snøen. No kjenner eg at det skal bli godt medltt meir grønt gras under beina. Dette vert den fyrste våren i eige hus, så det vert spennande å sjå kva som kikar opp av jorda etter kvart. Førebels har vi sett ein kvit krokus og noko vi trur skal bli tulipanar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Så flott veske! (Som monstermamma må jeg innrømme at jeg elsket stoffet) Flaks at det var plass til hunden oppi, så de kan gå tur sammen.
Legg inn en kommentar