3/31/2008

IMG_3457.JPG

Eg meldte meg på "Gi det vidare" hos Bea i fjor haust, og i dag kom resultatet i posten. Fantastiske vottar. Korleis kunne du vete at eg har sikla på det mønsteret ei stund. Tusen takk, Bea!

I was rewarded with a "Pay it forward"-surprise in the mail today. Bea made me Chevalier mittens. Perfect fit!

IMG_3455.JPG

Mønsteret er Chevalier av Tikru. Sjekk ut bloggen hennar. Ho er ein av mine favorittbloggarar. Eg har veldig lyst på denne. Mønsteret kjem i Vouge Knitting til hausten.

Det passa sjølvsagt veldig bra at mine eigne "Gi det vidare"-gåver er ferdige. Ei av desse er snart på veg til aneima, men det er framleis to att. Dersom du vil ha ei lita gåve at meg er det berre å melde seg. Reglane finn du her. Kva desse posane eigentleg er vert avslørt på eit seinare tidspunkt.

IMG_3452.JPG

3/28/2008

Hjerteleg god helg

IMG_3412.JPG

Denne fantastiske steinen fann eg og Iver i ei fjøre i påska. Flat og fin har den fått møbelknottar under ny jobb som kjeleunderlag.

Hjerteleg god helg alle saman!

This heart shaped stone wishes everybody a happy weekend.

3/27/2008

Mökki

IMG_3439.JPG

Mökki er eit av dei nyare stoffa frå Marimekko. Eg fall pladask for dei raude husa i fjor sommar, og kan tenkje meg dette stoffet i metervis. Denne gongen greidde eg å holde meg, så der er berre 2 x 5 cm restar etter at gardinene er ferdige. Kanskje den grøne varianten kan passe til sofaputer?

Marimekko har forresten lagt ut vårkolleksjonen. Det hadde vore kjekt om dei hadde nettbutikk... Eg likte mellom anna tal-stoffa til Marjaana Vitra og den grøne skogen frå Kristina Isola. For dei som ikkje har oppdaga det - Marimekko er meir enn Unikko-blomar.

I love these houses from Marimekko, and the curtains for our guest/computer/play room are finally finished.

Marimekko is one of my passions. The designs, the quality of the fabric, the colours. Take a look at the spring collection.

3/25/2008

Kjole med elefant/ Elephant dress

IMG_3437.JPG

Det er mogeleg at den liknar mest på ei blå mus med lang nase, men eg hadde tenkt det skulle vere ein elefant på denne kjolen.

Vanlegvis set eg igong strikking med mykje "putl" og dill, så det var godt å strikke mange like masker etter kvarandre. Eg hadde nesten gløymt kor godt det er for sjela, så det var godt påskestrikk.

Kjolen er strikka i Mirasol frå Du store alpakka på pinne 3,5. Eg har ikkje brukt mønster, men strikka etter nokre mål eg hadde til ein kjole i storleik 6-9 månader. Eigaren har ikkje stukke hovudet ut frå magen til mammaen sin endå, men vi gler oss til å treffe ho.

IMG_3433.JPG

It might look like a long-nosed, blue mouse, but I tried to crochet an elephant for this alpaca baby dress.

The pattern is my own made up while knitting. This was a great easter knit. I'd forgotten the pleasure of knitting in the round like this.

3/18/2008

Pip pip

IMG_3385.JPG

Pip pip går på ein tur.

Han snubler i vatnet.

Også kommer har seg heilt oppå fjellet igjen.

Han faller ned gjennom pipa si.

Også hopper han ned på golvet og endeleg er han komt heim og legger seg.

(Påskehistorie av Iver 4 år)

Monsterveske/ Monster totes

IMG_3374.JPG

Laurdag feira vi våren med ny monsterveske til Iver. Han har plukka ut stoffet sjølv, valgt ut påskegult for og passa på at det vart god nok plass til Hunden. Denne modellen er enkel og grei til barnevesker. Reima ligg fint over brystet og det er plass til passeleg mange skattar. Vasking er heller ikkje noko problem.

Veska nedanfor har Iver bestilt som gåve når han skal i bursdag i morgon. Den er nesten lik Iver si, men kan brukast på begge sider avhengig av humøret til ho som skal ha den.

We had a few days of spring this weekend, and Iver celebrated the sun with a new monster tote. It's a perfect size for very important dogs and spring treasures.

Iver ordered another tote as a present for one of his friends. She can choose between monsters or flowers depending on the mood.


IMG_3378.JPGIMG_3380.JPG

Søndag kveld stakk våren av att, men vi reknar med at han berre har gøymt seg litt under all snøen. No kjenner eg at det skal bli godt medltt meir grønt gras under beina. Dette vert den fyrste våren i eige hus, så det vert spennande å sjå kva som kikar opp av jorda etter kvart. Førebels har vi sett ein kvit krokus og noko vi trur skal bli tulipanar.