2/03/2007

Miniswap sniktitt/ Miniswap sneak peak

070203 lage memory.jpg

Molly
arrangerer miniswap i år også, og vi har fått vere med. Vi skal sende pakke til Elliot og Courtney i Michigan. Elliot er akkurat like gammel som Iver, så det passa ganske bra. Iver har vore med å bestemme kva vi skal lage og sende, og i dag lagde vi memory spel. Resten av pakken har Ingebjørg hjelpt til med, men det får vere hemmeleg til den kjem fram til Elliot.

Då eg var omtrent like stor som Iver er no lagde mamma eit slikt spel til meg. Det er eit av dei viktige barndomsminna, og bileta frå det spelet hugsar eg veldig godt.

Eg kunne difor ikkje tru mine eigne auge då eg var i ein bokhandel på jakt etter glans til memory spel tidlegare i veka. Der var akkurat dei samme blida. Heilt like, med like mykje glitter og identiske fargar. Det er vel ikkje nødvendig å fortelle at eg kjøpte litt ekstra...

We are participating in this years miniswap, and got Elliot and Courtney as partners. Elliot and Iver are the same age, and Iver has helped finding out what to send. Today he even made a game - with a little help...

The rest will be a secret until the package arrives in Michigan.

When I was about three years my mum made me a memory game. I've always loved the pictures on those cards, and I didn't belive it when I found exactly the same pictures in a bookstore earlier this week. I bought a few extra...

070203 glansbilder.jpg

4 kommentarer:

Anonym sa...

Så kjekt at du lage eit slikt spel. Det må vere veldig kjekt for ungene. Flott gåve vert det og.

Eg lånar denne ideen din eg, vert fine gåver til dei minste tantungene mine.

Ha ein fin dag.

Anonym sa...

Issssssjjj.. pokkers dumme genser. Jeg har ihvertfall 400 gram for lite, og en får jo ikke tak i Magpie lengre.
*sukk*
Sånn går det når man for en gangs skyld skal følge en oppskrift.

Åh... så fine toalettvesker du har sydd! Tror jeg skal slutte å strikke jeg. Fres!

Virtuella aka. Margot Viste sa...

Takk for hjerte-oppmuntring! Jeg gruer meg ikke til i morgen, regner med at dette går kjempefint!
Nå har jeg rekket opp flettegenseren og begynt på Rogue, håper den blir fin og at jeg har nok garn.
:-)

Hilde C. sa...

God ide det der å lage spill selv. Jeg syns jeg kjenner igjen noen av de glansbildene (var lidenskapelig glansbildesamler en gang
i tiden :-)