
Det er mogeleg at den liknar mest på ei blå mus med lang nase, men eg hadde tenkt det skulle vere ein elefant på denne kjolen.
Vanlegvis set eg igong strikking med mykje "putl" og dill, så det var godt å strikke mange like masker etter kvarandre. Eg hadde nesten gløymt kor godt det er for sjela, så det var godt påskestrikk.
Kjolen er strikka i Mirasol frå Du store alpakka på pinne 3,5. Eg har ikkje brukt mønster, men strikka etter nokre mål eg hadde til ein kjole i storleik 6-9 månader. Eigaren har ikkje stukke hovudet ut frå magen til mammaen sin endå, men vi gler oss til å treffe ho.
It might look like a long-nosed, blue mouse, but I tried to crochet an elephant for this alpaca baby dress.
The pattern is my own made up while knitting. This was a great easter knit. I'd forgotten the pleasure of knitting in the round like this.