9/28/2009

Mobilblogging - votteekspriment

Transportetappe i båt langs kysten tek tid, men er godt for sjela. Eg har eit votteekspriment på gang. Viss eg har rekna rett skal dette bli haustvottar til Ingebjørg

9/27/2009

Under arbeid, treng knapperåd

IMG_5843.JPG

Eg er, som mange andre, hekta på Ysolda-oppskrifter. Dei er fine, og ikkje minst spennande å strikke.

Denne gongen er det Veyla; pulsvarmara med akkurat passe mykje blondedetaljar. Eg strikkar dei i noko kidmohair-merino-garn eg fann i Danmark i fjor sommar.

No treng eg hjelp til å velge knappar. Kva trur de? Eg veit det er vanskeleg å sjå fargen heilt, men det var litt dårleg fotolys.

9/21/2009

Prøvelapp med ugle

IMG_5823.JPG

Kva skal vi med prøvelappar, når ein kan lage luer. Eg har test litt av kvart i denne modellen.

Det nye økologiske alpakkagarnet frå Viking. Konklusjon: Det er godt å strikke med og held fasongen greit. Eg veit ikkje kor mykje det evt vil sige, men det kjennest greit ut. Før det vert genser til meg får eg teste det i litt mindre storleik, for garnet besto den viktigaste testen. Iver synest ikkje at det klør, og vil ha både sånn genser og lue. Sidan garnet er økologisk finst det berre i naturfargar og som anna alpakka røytar det litt.

Den andre testen var ugledekor etter Ysolda si enkeltugleoppskrift. Eg plukka opp åtte masker og fulgte oppskrifta. Det vart fletting frå vrangsida, men det gjekk bra. Viss du helst vil flette på framsida er det berre å starte frå baksida. Etter fellinga sydde eg den fast og brukte perler til auge og nebb.

Til slutt vart det jo ein fin, litt baggy luemodell. Her kjem oppskrifta:

Legg opp 76 masker på liten rundpinne nr 6.
Strikk 2 r og 2 vr så lenge du har lyst.
Eg strikka 14 omg.
Strikk glattstrikk til du har eit par meter garn att.
Strikk 2 r sammen til du har ca 20 masker att. Tre tråden gjennom maskene og snurp sammen.
Fest tråden og lag evt. dusk og dekor.

Vi er ikkje heilt ferdig å krangle om kven si lue det er. Det blir vel den som går fyrst ut døra om morgonen :-).

Sidan Ingebjørg og eg er einige om at bildet over er eit betre bilde av modellen enn av sjølve lua legg eg ved eitt til frå sida. Vi er inne i sesongen for litt for lite fotolys igjen.

IMG_5830.JPG

9/19/2009

Haustklar

IMG_5812

Eg har slengt meg på stjernespekkbølgja. Ser det ikkje morsomt ut?

Dei stjernene er eigentleg veldig lette å strikke om du følgjer oppskrifta frå Pickles, også ser dei nesten ikkje strikka ut. Det er veldig mange som har lurt på korleis eg har gjort det, og nokre har til og med fått lære.

Fleire stjernespekksjal her og her og her. Prøv deg du og! det er ikkje så vanskeleg som det ser ut som.

IMG_5799

Så då er det altså berre for hausten å kome. Eg gler meg som vanleg ;-)

9/15/2009

Økologisk alpakka

IMG_5796

Viking garn har lansert økologisk alpakka i haust. Eg prøvde ein genser strikka i det garnet i vår, og vart litt frelst. Utruleg mjukt og godt.

No er ganget endeleg kome i butikken, så eg kjøpte nokre testnøster. Viss det held seg like godt som det ser ut for vert det ny genser i vinter. SIkkert til både meg og Ingebjørg. Eg har strikka ein liten prøvelapp, og garnet var svært godt å strikke med på pinne 6. Spørsmålet er om det vert for tungt sånn at ein genser i så tjukk alpakka vil sige. Erfaringar nokon?

Bruk gamle minner

IMG_5781.JPG

Det er ikkje så mykje som skal til for å lange personlege gåver. Eg fekk ideen då eg skulle pønske ut ei bursdagsgåve til tanta mi.

Denne gongen vart eg inspirert av eit gamalt bilete av farmor og farfar frå før dei gifta seg. Biletet vart scanna og skrive ut på t-skjorte transferpapir frå Panduro. Eg strøyk det på stoff, og sydde ein lite glidlåspung med det "nye" stoffet på eine sida. Eg synest bilete ser veldig koseleg ut, og i tillegg veit eg akkurat kor dei sitt og at der var det nok lunt og fint.

Eg har laga litt av kvart med strykebilete før, og veit at det held seg ganske greit i bruk. Panduro sine er det beste.

IMG_5786

Sauer kan også gjere seg på ei veske. Desse tre møtte vi på fjelltur, og dei berre ba om å bli fotografert!

9/14/2009

Gratulerer med dagen!

Medan vi ventar på at dei kvite setesdalskoftene skal invadere motebiletet att nyttar eg høvet til å gratulere Morten Harket med 50-årsdagen.

Han syng framleis som ein gud (også kan vi heller late att øyrene når han pratar). Eg får ikkje til å legge inn videoen her, men bruk nokre minutt på radiohiten Foot Of The Mountain og få skikkeleg 80-talsflashback.


Godt val!

9/10/2009

IMG_5758.JPG

Eg fekk ordna meg med fotograf, men ikkje husstylar, så dette er ikkje henta frå ein velregissert interiørbloggarheim, men det bordet med best lys i ein strikkeheim. Legg spesielt merke til kveldsmatrestar, og open vaskemaskin.

Sokkane har du sette før i "Brainless on tour"-serien. Eg starta sokkane ein ging før påske, og har stortsett strikka på dei på reiser. Dei kunne nok ha vore ferdig før, men eg fraus ikkje så mykje på beina i sommar. No derimot kjenner eg at hausten kjem snikande.

Du kan følgje sokkane (og litt av progresjonen) frå Norge til Danmark, Sverige og England under. Desse postane er blogga frå mobiltelefonen undervegs:
Brainless on tour #1
Brainless on tour #2
Brainless on tour #3
Brainless on tour #4
Brainless on tour #5
Brainless on tour #6

Garnet er også utanlandsk og kjem frå turen til USA og den store garnbutikken. Det er Madelinetosh Tosh Sock i jade-farge. Når eg fyrst skal strikke sokkar på så tynne pinnar var det veldig godt å strikke med. Sjølve garnet er godt spunne, og maskene viser veldig fint att sånn at du ser mønsteret godt, og sidan det er superwash merino er det vel ein sjanse for at dei held seg fint òg.

Mønsteret finn du her: Brainless av Yarnissima.

9/08/2009

Fleire bloggar i familien

IMG_5751.JPG

Ingebjørg ville òg blogge, så no er det tre bloggarar i familien (pappa berre kvittrar).

bokbloggen Ingebjørg les skriv Ingebjørg om nokre av dei bøkene ho har lese sjølv. Ho passar på å ikkje avsløre for mykje av handlinga, men fortel kva ho synest om boka. I det siste har ho til og med innført terningkast. Den siste boka er Tonje Glimmerdal av Maria Parr, og den fekk god omtale.

Det er ikkje så mange som har visst om lese-bloggen, men Ingebjørg har fått ein kommentar frå ein ekte forfattar. Det var stor stas, så eg trur ho vert svært glad om fleire les det ho har skrive og legg att ein kommentar.

Eg er teknisk assistent og hjelper av og til med å skrive ned det Ingebjørg har formulert. Teksten er hennar og dette er ein fin måte å øve seg på å skrive. Vi vil gjerne ha tips om andre barn som bloggar, så har vi nokon å lese òg.

Ikkje eit småkryp

skilpadde

Om ikkje eg får gjort så mykje, så får i alle fall Iver teikna litt. Sidan skilpadder er for store til å vere småkryp må skilpadda visast fram på mamma sin blogg.