4/03/2009

Brainless on tour #4

Siste kveld i Malmø, og sokken fekk sjå Turning torso. Tårnete er ei boligblokk i hamna i Malmø, og etter kvart eit typisk kjenneteikn for byen. På lang avstand ser tårnet berre litt skeivt ut, men når du kjem nært ser du kor spesiell konstruksjonen er. Eg vart litt nysgjerrig på korleis leilegheitene faktisk er inni.

Sokken er nesten ferdig. Eg har berre nokre få omgongar att før felling.

i morgon tidleg møte sokken og eg resten av familien på Gardermoen, så neste rapport vert frå England. Fram til då: God påske!

3 kommentarer:

Stranger sa...

Takk for turen :D

Haldis sa...

Ønsker deg god tur vidre. Ha ei riktig god påske!

marit sa...

God tur videre- og ha ei flott påske!