11/03/2008

Garn, garn, garn/ Yarn, yarn, yarn

handling

Enkelte har nemnt at eg nok er litt nerdete som høyrer radioprogram frå ein garnbutikk på andre sida av Atlanteren, men eg har i nesten to år fulgt podcasten Ready Set Knit kvar veke. Det er ein av favorittane min, spesielt på grunn av den stemninga dei greier å formidle ut til oss lyttarar.

I denne podcasten (som altså er eit radioprogram lokalt i Northampton) fortel eigarane av Webs America's Yarn Store, Kathy og Steve, om nye garntypar dei har fått inn i butikken, dei intervjuar strikkeheltar (som Norah Gaughan og Stephanie Pearl-McPhee), held knitalonagar og kjem med anna nyttig stoff for oss nerdete strikkarar.

Eg hadde aldri trudd at eg faktisk skulle få sjå denne butikken nokon gong, men då Alfred lanserte den "Vi må jo køyre litt i USA"-planen tidlegare i haust sjekka eg kvar Webs låg. Eg visste jo at det var i Northampton, men hadde eigentleg ikkje snøring på om det var nord, sør, aust eller vest i landet.

Det viste seg at Northampton ligg i Massachusetts på veg mot Vermont, som var målet for køyreturen. Der kunne vi overnatte fyrste natta i USA, og Kathy var så snill å føreslå eit hotell for oss. Etter ein køyretur gjennom Bronx, godt øl på The Northampton Brewery, ei god natt på Hotel Northampton og frukost fekk eg plassert ein tålmodig ektemann i ein stol og bruke lang tid i ein fantasktisk garnbutikk. Ikkje berre har dei eit enormt utval av mykje fantastisk garn, bøker, utstyr ++, men dei har ein diger hall bak butikken der dei sel ut utgåande garn. Eg fann litt der òg...

Dersom du vil sjå kva Kathy sjølv har skrive om mitt besøk i Webs finn du det her. Det var utruleg hyggeleg å treffe ho etter å ha høyrt stemmen hennar utallige gongar. ...og ho er så triveleg som ho høyrest ut. Eg vart verkeleg teke godt imot og kjende meg som ein superkunde.

Tusen takk til Kathy og alle dei andre i Northampton!

Nokon som lurer på kva eg kjøpte? Sjølvsagt altfor mykje, men eg var jo i drøymebutikken. Presentasjon av garn m.m. kvem etter kvart. Mellom anna fann eg garn og oppskrift til denne jakka frå Berroco. Den skal eg legge opp til i kveld.

(English text under after the picture)

silke og kashmir

Some have mentioned that I am probably a bit geeky listening to a radio program from a yarn shop on the other side of the Atlantic, but I have in almost two years followed podcast Ready Set Knit each week. It is a my favorite, especially because of the mood they manage to convey to us listeners

In this podcast (which is a local radio program in Northampton) the owners of Webs America's Yarn Store, Kathy and Steve, talks about the new yarn they got in the store, they do interviews with knitting celebrities (as Norah Gaughan and Stephanie Pearl-McPhee), holds knitalongs and other interesting stuff for us geeky knitters.

I had never believed that I would ever get to see this store, but when Alfred launched the "We must drive some miles in the US'-plan earlier I realized Northampton was on the way to Vermont. It was a perfect stop along the way, and Kathy was so kind to suggest a hotel for us. After a drive through Bronx, a good beer at The Northampton Brewery, a good night at Hotel Northampton and breakfast, I placed a patient husband in a chair and had a few fantastic hours in the greatest yarn shop.

If you want to see what Kathy wrote about my visit to Webs you can find it here. It was amazing to meet Kathy after having heard her voice numerous times. ...and she is so pleasant that she sounds. I felt very welcome and enjoyed the stay at Webs very much. Thanks to Kathy and the others in Northampton!

Someone wondering what I bought? Too much, but I was in my dream store... Stay tuned and I will show some yarn, but today I'm going to cast on for this jacket from Berroco.


Skjerf

1 kommentar:

Monstermønster sa...

Oi! sier jeg bare! Der skulle je' ha vøri. Det så utrolig moro ut!

Podcasting har jeg ikke funnet helt ut av ennå, men skjønner at det er tingen når man er sånn litt over gjennomsnittet opptatt av garn og pinner?