11/09/2008

Lommelykt i skogen/ Flashlight in the forest

bål i natta

Lommelykt-tur med Barnas Turlag er ein framifrå novembersøndagsaktivitet. Meir enn 80 barn og vaksne var med på refleksjakt og natursti, og ved enden av løypa kom vi fram til leirplass med lavo, faklar bål, bollar og eventyr. Vi åt maten vår i tussregn og tussmørke, og veit eigentleg ikkje heilt kven vi har vore på tur med. Dei fleste hadde refleksvest og regnkle.

Sånne mørketurar er litt vanskeleg å fotografere, men de får kanskje litt inntrykk (legg til bållukta sjølv). Motiverande for korte bein var det òg. Eg har aldri sett Iver springe så fort bortover stien. Litt skummelt, men mest kjekt.

We had an adventurous evening together with 80 children and adults in the forest, using our flashlights to find reflex signs leading to a great campsite. We ate our food in the light of fire. These dark hikes are slightly difficult to photograph, but you might get an impression. Kind of scary, but fun.

Lommelykttur

Ingen kommentarer: