11/09/2008
Ny gang/ New hall
Det vert litt interiørblogging innimellom all strikkinga, og no er det på tide å vise fram gangen. Dei siste knaggane kom opp i kveld.
Då vi flytta inn var gongen mørk, med gule veggar, brystpanel og mørk dør. No er alt lyst, kvitt og enkelt. Det vart sjølvsagt eit heilt anna rom, og det er mykje trivelegare å kome inn. Vi har ikkje dør inn til boden, så det fungerer som eit digert skap med knaggar over alt.
Desse to romma er tilsaman under fire kvm, og det er ei utfordring for ein familie på fire å holde orden. Av og til kjennest det ut som om eg må klatre over eit fjell for å kome inn i huset, men vi jobbar med saka. No skulle det i alle fall vere nok knaggar å henge ifrå seg på i det innerste rommet, og sekkane har fått dedikerte knaggar rett innfor døra. Då er det vel berre gode vanar som manglar...
Dekoren er også på plass. Måleriet er eit familieportrett ungane måla i lag i januar 2007. Det har vore planen å henge det opp her, men fyrst måtte er få veggordnaren på plass. Eg har ønska meg ein uten.silo i nesten ti år, så denne er eg glad for at passa så fint. Sidan eg flytta heimanfrå har eg klippt ut litt her og der i ulike magasin for å ha som inspirasjon og hugseliste. KLippa i bunken har endra seg mykje etter kvart som tida går, eg endrar meg og får ulike preferansar. Uten.silo har likevel gått att. Den er så veldig rotete ryddig.
There will be some interior blogging in between all the knitting, and its time to show off the hall. The last hook came up tonight.
When we moved into the house this room was small and dark, with yellow walls, chest panel and a dark door. No everything is bright and white. A completely different room, and much more welcoming.
These two rooms are less than four square meters, and thats a challenge for a family of four to keep tidy. No, it should at least be enough hooks to hang on. We just need go get better habits.
The decor is also in place. The painting is a family portrait painted by both the kids in January 2007. I had a plan to hang it here long ago, but first I needed to get my wall organizer in place. Uten.silo has been a dream for almost ten years. It is very messy tidy.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Takk for kommentar ang. badet mitt.
Hvordan klarte du å se bildet? Det var ute i ca. 20 sekunder, før jeg slettet det....
Må prøve å få krympet det før jeg kan legge det ut igjen....ny programvare.
Stilig gang, foresten!
Åja - uten.silo er utrolig tøff! Står på listen over ting jeg ønsker meg men som jeg nok aldri kommer til å prioritere, hehe. Sammen med Hang-It-All av Eames.
Så fint speilet deres var!
Uten.silo er veldig tøff. Ser utrolig praktisk ut. Flott gang dere har fått dere og jeg nikker gjenkjennende til berget av ting som skal forseres.
Legg inn en kommentar