Endeleg har eg funne eit stempelhjerte som er akkurat sånn som eg har ønska meg lenge. Passar perfekt til å lage merkelappar av.
Elles ønskjer eg meg litt andre ting òg. For dei som har etterlyst ønskjeliste kan de lese vidare: Bakeboka til Morten Schakenda, nokre andre bøker (klikk på orda om du er interessert), mjuke ullgensrar, utebukse til å vase ute i alle juesnøen som kjem til å kome og morosame ting som eg ikkje visste at eg ønskte meg.
I tilleg ønskjer eg meg tid til å sitte heilt i ro og strikke lenge.
Kva ønskjer du deg?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar