12/12/2009
12. desember
Etter å ha sjekka kakeboksar fulle av kakerestar frå i fjor kjem eg til å revidere julebaksten i år. Vi kjem ikkje til å bake kaker vi ikkje åt i fjor, så no er eg på jakt etter alternative sortar. Det som førebels står på lista er delfiakake, sjokoladetrøflar, sjakkrutekaker og sandkaker.
Nokon som har tips til alternativ julebakst? Sjølv har eg funne ei oppskrift på Sarah Bernard vi skal prøve.
Eg minner om at dei som kommenterer på minst tre av kalenderinnlegga mine er med i trekninga om nyttårsgåve.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Akkurat no er eg i ferd med å lage "peppermint bark", og eg trur at årets julehit blir karameller. det som står att å bake her i huset er kransekake, krumkaker og kanskje, (KANSKJE!) engelsk fruktkake. Ellers er alt bokstaveleg tala i boks... Vi hopper over julemannane i år, dei blir alltid liggande att til slutt, einsame og bleike.
Krumkaker, peppernøtter, smultringer og berlinerkranser pleier å bli spist opp....ungne har laget julemanna, men de ble ikke helt som de skulle være i år! Åja, holdt på å glemme kransekakestengene! Og risboller...og så tror jeg kanskje det blir kokosboller...hmmm, må kanskje snart få begynt!
Eg og to studievenninner har ein 9-årig tradisjon med bakst saman med ungane våre før jul. Vi har forska, prøvd, smakt, forkasta og konkludert, og desse sjokoladekjeksa er ein av vinnarane:
SJOKOLADEKJEKS:
160 gram smør, romtemperert
210 gram kvitt sukker
140 gram brunt sukker
350 gram kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1/2 kanel
3 egg
350 gram grovt hakka sjokolade
Bland sukker og mjøl, tilsett mjøl, bakepulver, vaniljesukker og kanel. Bland til ei smuldrete masse. Ha i egga og rør inn sjokoladen. Arbeid deigen raskt saman. La deigen stå ca 1 time i kjøleskap. Ta raust med deig på ei spiseskei og sett dei utover med god plass mellom. Dei sig ganske kraftig utover. Steik på 10-15 minutt på 175 grader.
Til slutt må eg berre advare - dei er sterkt vanedannande.
Jeg kan anbefale Dajmis i muffinsformer. Pyntes med strøssel eller mokkabønner.
http://www.mineoppskrifter.no/view_recipe.php?id=4371&recipe_title=Daim_iskake
Legg inn en kommentar