12/13/2009

13. desember



I dag skal halve familien spele kornett under årets julekonsert i kyrkja. Som gamal skulekorpsmusikant er korpsmusikk i kyrkja noko av det som gir sterkast julestemning. Spesielt den mektige klangen eit brassband kan skape i kyrkjerommet gir frysningar i julekjenslene hos meg.

Ein av favorittane mine, og den eg hugsa at vi øvde mykje på, er "The lost chord" komponert av Arthur Sullivan i 1877. Høyr det internasjonale Fresesarme-korpset og The Black Dyke Mills Band gje deg julestemning nedanfor.

Eg ønskjer kornettistane mine lukke til i kveld!

1 kommentar:

Line Kristine sa...

Mektig, vakkert og minne-frambringende! God jul!
Hilsen fra strikkedame, Frelsesarmesoldat og tidligere korpsmusikant ;)