9/10/2009

IMG_5758.JPG

Eg fekk ordna meg med fotograf, men ikkje husstylar, så dette er ikkje henta frå ein velregissert interiørbloggarheim, men det bordet med best lys i ein strikkeheim. Legg spesielt merke til kveldsmatrestar, og open vaskemaskin.

Sokkane har du sette før i "Brainless on tour"-serien. Eg starta sokkane ein ging før påske, og har stortsett strikka på dei på reiser. Dei kunne nok ha vore ferdig før, men eg fraus ikkje så mykje på beina i sommar. No derimot kjenner eg at hausten kjem snikande.

Du kan følgje sokkane (og litt av progresjonen) frå Norge til Danmark, Sverige og England under. Desse postane er blogga frå mobiltelefonen undervegs:
Brainless on tour #1
Brainless on tour #2
Brainless on tour #3
Brainless on tour #4
Brainless on tour #5
Brainless on tour #6

Garnet er også utanlandsk og kjem frå turen til USA og den store garnbutikken. Det er Madelinetosh Tosh Sock i jade-farge. Når eg fyrst skal strikke sokkar på så tynne pinnar var det veldig godt å strikke med. Sjølve garnet er godt spunne, og maskene viser veldig fint att sånn at du ser mønsteret godt, og sidan det er superwash merino er det vel ein sjanse for at dei held seg fint òg.

Mønsteret finn du her: Brainless av Yarnissima.

5 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Flotte sokkar i eit nydeleg garn! Eg hugsar at du begynte på desse sokkane på strikketreff hos Reidun i vår ein gong. Artig bilde også. Eg synest det ser bra styla ut på kjøkkenet, eg. Ha ei fin helg!

marit sa...

Vi ser ikke bakgrunnen, vet du, bare flotte sokker og stilige sko:-)

Anonym sa...

Sånne sko har eg og, men svarte då.
Fine ikkje sant?? Så fine sokkar har eg ikkje, men mange klemmar til deg og resten. Ser dokke kanskje i begynnelsen av oktober? Kjem heim ein tur då.

Helsing frå di tante Gunn

duBedåre sa...

Flotte sokker, og flott å se at du danser på bordet etter kveldmaten (jeg regner nemlig med at så godt skodd, med lekre sko og sokker, er det dansing som står på planen! Åpen oppvaskmaskin eller ikke... (o: ).

Takk for gode stoppetips på min blogg forresten! Og link til R2D2 med venner er nå lagt ut...

Super blogg du har!

irmelin sa...

Artig vi har strikka i grønt begge to!
- ja, eg brukte litt kortare tid enn deg ( iallefall på det grønne paret) På det førte paret kjende eg meg rimeleg...hmm..ja.....brainless..

Flotte sokkar er det iallefall :)