
Det er denne veka alt skjer. Dei nynorske festspela startar onsdag, vi slår og tørkar nokre mål høy og ikkje minst har Elskhug og eksis premiere på fredag. Gløymte eg å nemne at det er jonsokafta på tysdag?
Desse bileta er små glimt frå øvinga til årets framsyning av Elskhug og eksis. I år er Ingebjørg ein av 150 aktørar. Resten av familien har berre tid til å sjå på det endelege resultatet, og det gler vi oss til.

Nordfjordeid er gamal eksersisplass og teateroppsetjinga ”Elskhug og eksis” skildrar sjølvaste 17. mai 1895. Les meir om stykket og historiene bak her. Billettar finn du her.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar