5/22/2009

IMG_3443.JPG

Holstrikksjal er eigentleg ikkje heilt meg, men Ishbel måtte eg berre prøve. Ein liten strikkefarsott, men det forstår eg godt. Det vart nesten som å lese ei god bok: Eg måtte berre strikke ein omgang til og ein omgang til for å sjå korleis det vart. Heldigvis er det berre eit lite sjal, for eg er så treig på vrangmaskene.

No ligg det vesle sjalet til blokking. Eg har fukta det og festa det til gjestesenga med knappenåler. Der ligg det til tørk mens ungane sirklar rundt og har veldig lyst å plukke på knappenålene.

No er eg spent på korleis mjølkegarnet oppfører seg i bruk. Det var veldig mjukt og luna godt i halsen då eg prøvde det før blokkinga.

Minner elles om at det er mogeleg å melde seg på Pay it forward hos meg. Framleis to ledige plassar. God helg!

Lace is not quite my foavourite, but Ishbel I just had to try. A little knitting epidemic, but I understand. An exiting patter, I knit just one more row, and one more, and one more...

Now the small shawl is blocking. More pictures tomorrow.

It is stills possible to sign up for Pay it forward with me. Two more seats available.

2 kommentarer:

mimouna sa...

Det var et nydelig lite sjal.

Jeg er også spent på hvordan melkegarnet oppfører seg. Har strikket Karius i det, og det krøller og siger. Spennende hvordan det takler blokking.

STRIKKEMOR(O) sa...

Sjalet er berre nydeleg! Det blei veldig mjukt og lekkert i det melkegarnet, så eg håper det held seg fint i bruk også. Vi får vel rapport etter at du har brukt det ei stund, håper eg. Eg blei så inspirert då eg fekk sjå det på butikken i går, at eg måtte kjøpe meg to nøster melkegarn i samme farge. Eg begynte å hekle eit lite Muffins halstørkle, men kjem til å kjøpe mønsteret som du har strikka etter også når eg får tilkobla skrivar igjen.