5/23/2009

Felleseige/ Common use

Ishbelishbel

Ishbel er ferdig blokka og klart til bruk. Sjalet har to eigarar som er like fornøgde. Ingebjørg skal bruke sjalet over skuldrane når ho svinsar rundt i dei korterma kjolane sine, og eigentleg burde hatt ein genser under. Mamma skal bruke det i halsen når det eigentleg er for varmt med ull, men ho likevel er litt hustrig. Med andre ord eit godt sommarsjal.

Garnvalet er Vikinggarn sitt mjølkegarn, og eigentleg eit ekspriment. Ingebjørg og eg fekk kvart sitt nøste på forrige strikkekafe, og det var nok til eit lite sjal. Garnet er mjukt og godt å strikke med, har litt bambuskjensle og vert ikkje like tungt som bomull. For små sjal er det perfekt, og sikkert små barnetoppar òg. For dei som ikkje toler ull kan det vere eit godt alternativ. Etter ein formiddags bruk samankrølla i halsen ser det ut for at det held blokkinga godt.

Mønsteret er frå Ysolda si mønstersamling Whimsical little knits. Det neste eg skal legge opp til er Elijah - ein supersøt liten elefant. I mjølkegarnet vert det i fin lita gåve.

Ishbel

Ishbel is ready for use. It's got two owners: Ingebjørg will use the shawl over her shoulder while wearing a to thin dress, and her mom will use it in the neck when it is to hot wearing wool. A good summer shawl.

The yarn is Milk from Viking Garn, and actually an experiment. Ingebjørg and I got a few balls at the previous knitting cafe, and it was enough for a small shawl. The yarn is soft and comfortable to knit, has a little bamboo feel and the knitted fabric is not as heavy as cotton. It's perfect for small scarves, and probably small children wear. It can be a good alternative for wool allergics.

The pattern is from Ysoldas pattern collection Whimsical little knit . I'm casting on Elijah next.

4 kommentarer:

MissLucy sa...

sjalet ble nydelig, og nå fikk jeg lyst til å teste ut melkegarnet!

Muffin sa...

Det ble fint! Praktisk med plagg i felles eie, ikke sant.

marit sa...

Så nydelig det ble! Passer kjempeflott til dere begge!(og beklager at jeg ikke skriver helt i Ivar Aasens ånd...selv om jeg bor midt i nedslagsfeltet- jeg er egentlig sørlending, og vi er dårlige på nynorsk...;-))

Trinemor sa...

Sjalet er helt nydelig! Smart å dele på, det gjør jeg også med min datter :-)