4/01/2009

Brainless on tour #3

Eit døgn og ein halv sokk seinare er sokken og eg på Kastrup. No er det tog til Malmø, og der har eg tenkt å vere ei stund. Om det vert tid til så mykje sokkestrikking veit eg ikkje.

Mønsteret er ikkje så hjernedødt som tittelen seier. Dersom du følgjer mønsteret går det bra, men eg har sjonglert litt med storleiken undervegs, og må holde tunga beint for at flettemønsteret skal møtast rett etter helsnuing. Betre bilete kjem når helen er ferdig.

2 kommentarer:

Two sa...

Ønsker deg ein god tur vidare i Norden!! Høyrest nesten ut som om påskelabyrinten er begynt!!Jammen godt du har ein strikkehobby, for tenk kor lange ventetimar det hadde blitt på deg utan!!

marit sa...

Sokken blir kjempefin! Fortsatt god tur:-)