3/24/2009

Bloggekoppar

My creation

Emmeline viser fram delar av koppesamlinga si i dag. Dvs eit knippe av dei 70 koppane som er klar for bloggifisering.

Hmm...går det an , tenkte eg, også måtte eg tenke nokre gongar til. Eg har blogga nokre koppar innimellom eg òg. T.d. her, her og her. Andre har blogga om koppar her og her.

Det er eigentleg ikkje så rart at koppar er bloggegjengangarar. Koppar og krus gir så gode assosiasjonar, både for den som skriv og den som les. Dei er lette å fotografere (står t.d. heilt i ro), og koppen din seier faktisk ganske mykje om kven du er.

Eg har ikkje 70 koppar, men det er enkelte favorittar som vert henta fram med jamne mellomrom.

Har du blogga ein kopp?

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg veit eg har blogga koppar og krus eit par gongar, og kjem heilt sikkert til å gjere det igjen!

marit sa...

Jeg har vel ikke blogga en kopp bare for å blogge, men det hender at tekruset sniker seg med på et bilde...