2/24/2008

Raud spiral til meg/ Red spiral for me

IMG_3344.JPG

No er ting ved det vanlege att. Eg har plukka fram det raude garnet, eller det er meir burgunder denne gongen. Dette prosjektet er ei samling favorittar;

Farge - RAUD
Garn - MALABRIGO
Designer - NORAH GAUGHAN
Bok - KNITTING NATURE

Denne boka fekk eg til bursdagen i fjor og vert aldri lei. Gaughan har brukt naturen og matematikken som inspirasjon, og det er fantastisk å sjå korleis dei geometrikse figurane glir saman til fantastiske plagg.

Spiralskjerfet har eg hatt på strikkelista i lang tid. Det er så elegant gjort. Sekskantar med ei og ei maske mindre i kantane for kvart ledd. Eg har planar om at min raude spiral skal friske opp eitt av mine heilsvarte antrekk. No er eg så utålmogig på neste lapp at eg må finne fram strikkepinnane att.

I'm knitting red again. Norah Gaughan's Spiral Scarf has been a favourite for a year, and I finally found the perfect yarn in my stash; Malabrigo worsted.

I really love all Norag Gaughan's designs. It is really inspiring to se how all the different shapes find each other and make perfect garments.


Ravelry

IMG_3351.JPG

1 kommentar:

Pene Lene sa...

Så nydelig og ekslusivt. Du lager så flotte ting. Vottene i forrige post med tilhørende lue var knallfine.