
Ein av bursdagspresangane mine kom i tide til å vere med på påsketur. Eit gåvekort på Amazon er brukt til "The secret life of a knitter", "The friday night knitting club", "Spin to knit", "Knitting rules!" og"Knitting nature". Det var fantastisk å berre bestille dei bøkene eg hadde lyst på. Tusen takk!
Her har eg altså to inspirerande strikkehumor-bøkar av sjølvaste Yarn Harlot, ein strikkeroman, ei oppskriftsbok som passar for biologar og ei grunnbok i spinning.
Med så mykje bøker har eg berre tatt med eit bittelite strikketøy. Det var også ein bursdagspresang. Raud og oransj alpakka skal bli til eit par Anemoi mittens. Eg reknar med eg treng vottar neste vinter òg.
Dei observante har vel også lagt merke til at strikketøyet mitt bur i ei Felisi-mappe. Eg har stått imot lenge, men då ho hadde laga ei svart og raud med strikkeuttrykk på berre måtte eg ha...
God påske!
I got one of my birtday presents just in time for our Easter vacation. Look at all these knitting books: "The secret life of a knitter", "The friday night knitting club", "Spin to knit", "Knitting rules!" and "Knitting nature".
With all these books I only brought a small Easter knitting. It was perfect in my new knitting bag...
Happy Easter!









