3/09/2007

92 gram ull/ 92 grams of wool

070309 stovlettar og garn.jpg
Eg har ein mistanke om at ein del av bursdagsgåvene mine kjem til å dukke opp i bloggen dei neste vekene. Her er med andre ord mine nye støvlettar: Burgunder Camper støvlettar. Dei er fantastisk gode å ha på, og no desse skal eg prise våren i.

Problemet er at alt mitt knallraude tilbehør ikkje har heilt rett farge. Sidan eg er ein strikkar bør det ikkje vere noko problem for meg, men eg treng nokre gode tips denne gongen.

I garnhaugen fann eg 92 gram supermjuk merino frå Uruguay. Fargen er heilt perfekt, men eg har ikkje så veldig mykje garn. Lue greier eg meg nok utan, men eg må ha eit lite skjerf i halsen.Strikkefastheiten er 12m per 10 cm på pinne nr 8. Nokon som har eit godt innspel?

New boots!

...but I need a scarf idea for my 92 grams of soft merino wool.

I have a lot of red accessories, but the boot are a bit more burgundy. I have only one skein of this yarn with the perfect colour. It should be enough for a spring scarf. Pattern ideas anyone?

2 kommentarer:

yvonnep sa...

I'll send you a pattern...

Linda sa...

Ojojoj. Eg visste ikkje at Camper faktisk hadde støvlettar også. Eg elskar Camper. Kan vanlegvis ikkje gå med høge hælar pga stortåskade, men Camper er jo alltid gode på foten. Desse må prøvast ut med andre ord!