1/12/2007

Rare ting om meg/ Weird things about me

070112 skyer.jpg

Det er mange som har avslørt rare saker om seg sjølv i det siste. Berre sjå her og her og her og her...

Reglane er som følgjer:

Skriv seks rare ting om deg sjølv og be seks andre gjere det same.

Så her kjem det du kanskje ikkje visste om meg:
  1. Eg likar å ligge på ryggen og kjenne lukta av litt vått gras og sjø mens eg ser på skyene. Trur eg gjorde det mykje då eg var så liten at eg vart jaga ut for å leike.
  2. Den beste julegåva eg har fått er ei Kenwood kjøkenmaskin - og ja, eg brukar den ofte...
  3. Eg har strikka ein mygg...og nokre Daphniaer...
  4. Eg elskar å rekne...helst i haudet!
  5. Mannen min les høgt til meg på senga kvar kveld. Det har han gjort i meir enn ti år, og akkurat no held vi på med denne boka. Spennande!
  6. Eg kan ganske mykje om fisk.
Dei fleste er nok tagga av denne, så eg lar utfordringa gå vidare til alle som har lyst å avsløre seg sjølv litt. Ikkje farleg, berre moro.

Here are some weird things about me:

I like to lye on my back and look at the sky.
My best Christmas present ever was a Kenwood kitchen machine.
I've knitted a mosquito.
I love math.
My husband reads to me every night. At the moment this book.
I know a bit about fish.

Consider yourself tagged, and have fun thinking about weird you.

3 kommentarer:

yvonnep sa...

Welcome back! I love the Pullman books. I couldn't stop reading.

Guro sa...

Jeg kan også over gjennomsnittet om fisk, og spesielt syk fisk ;O)

Margrethe sa...

Det lukter nesten litt marinbiologiutdannelse, synes jeg! Daphinaer er forresten kjempesøte :)