2/22/2006

Hemmeleg perlevenn



Det var perler i posten frå min hemmelige februarvenn i dag. Eg vart skikkeleg inspirert og kom i vårstemning av heile pakken. Min hemmelege venn har forstått at eg aldri kan få nok perler...



Det vart kjapt eit halsgropsmykke til (kanskje eg bør ønske meg fleire smykkeskrin til bursdagen?). I måra må eg ha grøn jakke på meg!

Ingebjørg og ei veninne fekk også boltre seg litt i mamma sine perler. Eg var streng og insisterte på nokre små perler mellom dei store. Begge vart kjempefornøgde og skal vel gå å glitre i barnehagen i måra.

Ingen kommentarer: