1/14/2007

Besøk på kjøkenet/ Kitchen visitor

070114 eggemann.jpg

Denne gjesten hadde forsynt seg av druene då eg kom inn på kjøkenet i går. Då eg sto opp i dag var alle druene borte...

This little fellow helped himself to a treat yesterday. When I got up this morning all the grapes were gone...

1/12/2007

Rare ting om meg/ Weird things about me

070112 skyer.jpg

Det er mange som har avslørt rare saker om seg sjølv i det siste. Berre sjå her og her og her og her...

Reglane er som følgjer:

Skriv seks rare ting om deg sjølv og be seks andre gjere det same.

Så her kjem det du kanskje ikkje visste om meg:
  1. Eg likar å ligge på ryggen og kjenne lukta av litt vått gras og sjø mens eg ser på skyene. Trur eg gjorde det mykje då eg var så liten at eg vart jaga ut for å leike.
  2. Den beste julegåva eg har fått er ei Kenwood kjøkenmaskin - og ja, eg brukar den ofte...
  3. Eg har strikka ein mygg...og nokre Daphniaer...
  4. Eg elskar å rekne...helst i haudet!
  5. Mannen min les høgt til meg på senga kvar kveld. Det har han gjort i meir enn ti år, og akkurat no held vi på med denne boka. Spennande!
  6. Eg kan ganske mykje om fisk.
Dei fleste er nok tagga av denne, så eg lar utfordringa gå vidare til alle som har lyst å avsløre seg sjølv litt. Ikkje farleg, berre moro.

Here are some weird things about me:

I like to lye on my back and look at the sky.
My best Christmas present ever was a Kenwood kitchen machine.
I've knitted a mosquito.
I love math.
My husband reads to me every night. At the moment this book.
I know a bit about fish.

Consider yourself tagged, and have fun thinking about weird you.

12/20/2006

God jul

Eg har rett og slett ikkje vore heime i godt nok lys til å fotografere dei siste vekene, så desse snømennene fanga med mobilkameraet tidleg i desember får ynskje dykk god jul.

Desse snømennene laga eg i lag med ei veninne for nokre år sidan. Dei er frå ei oppskrift i KK si juleutgåve og vi hadde skikkeleg samlebandsproduksjon. Ho fekk 24 til julekalender, og eg fekk resten...

Den ferskaste produksjonen av saker og ting er pakka inn og klar til å ligge under diverse juletrær. Eg vart ferdig med det eg hadde tenkt, men no skal det bli godt å ta ferie.

God jul til alle lesarar, og velkomen tilbake til neste år. Det vert nok litt å vise fram i 2007 òg.

These snowmen has been a part of our Advent house for some years. This year they will wish you all a merry, merry christmas.

Most of the gifts are wraped up and ready to go, and I really look forward to some vacation. I hope to hear from you all next year too. I guess 2007 will be another crafty year!

12/03/2006

Tre vekar att/ Three weeks left

061203 pepperkakehus.jpg

Adventstida er kort i år, men vi skal få tid til å kose oss litt desse tre vekene. Laurdag hadde vi det årlege pepperkakehus-pynte-kaoset. Det vart mange hus, mange ungar, mykje pynt og ein vellukka ettermiddag. På det meste var det 11 ungar her i alderen ein månad til sju år, men det gjekk utruleg bra og eg trur alle kosa seg.

Det er sjølvsagt galskap å gjere dette år etter år, men nokon tradisjonar gir seg litt sjølv. Vi har etter kvart fått erfaring, og ungane vert større for kvart år (...og fleire...) det var mykje verre det året alle var tre år!

Litt strikking vart det tid til òg. Iver skal ha julemesse i barnehagen på torsdag, og får med seg to nye vinterluer. Sjølv er han godt nøgd med den grøne lua si og brukar ho i barnehagen kvar dag.

Advent is just three weeks this year, but we will try to do some nice activities these weeks. Saturday we had 11 kids over to decorate their own Gingerbread house. Chaotic but everybody had fun, and this is a tradition. It was a much worse mess the year almost everybody was three years.

I also managed to squeeze in some knitting. These two winter hats are going with Iver to kindergarten to morrow. They will have a fair later this week.

My blog looks a bit neglected these days, but I have various projects not ready to post until 25th of December. Stay tuned!


061203 luer.jpg

12/02/2006

Ventetid

061202 julekalender.jpg

Med julafta på ein søndag vert advent ganske kort i år. Vi er jo allereie godt inne i kalenderen utan å ha tent eit einast lys.

Julekalenderen er som vanleg fyllt opp av heile familien til heile familien. Det var fyrste gongen Iver verkeleg forsto opplegget i år, og han kom fleire gongar heim med små posar med hemmelege gåver i.

Nedanfor kalenderen sit nissefamilien og passar på. Den har vore i produksjon ganske lenge, men no rekna eg den som ferdig. Nærare prestentasjon kjem etter fotografering i betre lys.

Det er ikkje handarbeidstørke her sjølv om bloggen ser litt slik ut, men det ville vere dumt å vise bilete av alle julegåvene. Dokke får heller kike litt på amaryllisen vår. Løkane er kjøpt inn i Amsterdam i slutten av november og skal blomstre til jul. Framdrifta vert dokumentert etter kvart.

061202 amaryllis.jpg