12/02/2006

Ventetid

061202 julekalender.jpg

Med julafta på ein søndag vert advent ganske kort i år. Vi er jo allereie godt inne i kalenderen utan å ha tent eit einast lys.

Julekalenderen er som vanleg fyllt opp av heile familien til heile familien. Det var fyrste gongen Iver verkeleg forsto opplegget i år, og han kom fleire gongar heim med små posar med hemmelege gåver i.

Nedanfor kalenderen sit nissefamilien og passar på. Den har vore i produksjon ganske lenge, men no rekna eg den som ferdig. Nærare prestentasjon kjem etter fotografering i betre lys.

Det er ikkje handarbeidstørke her sjølv om bloggen ser litt slik ut, men det ville vere dumt å vise bilete av alle julegåvene. Dokke får heller kike litt på amaryllisen vår. Løkane er kjøpt inn i Amsterdam i slutten av november og skal blomstre til jul. Framdrifta vert dokumentert etter kvart.

061202 amaryllis.jpg

1 kommentar:

MissLucy sa...

så fantastisk ide at alle i familien bidrar!