
Adventstida er kort i år, men vi skal få tid til å kose oss litt desse tre vekene. Laurdag hadde vi det årlege pepperkakehus-pynte-kaoset. Det vart mange hus, mange ungar, mykje pynt og ein vellukka ettermiddag. På det meste var det 11 ungar her i alderen ein månad til sju år, men det gjekk utruleg bra og eg trur alle kosa seg.
Det er sjølvsagt galskap å gjere dette år etter år, men nokon tradisjonar gir seg litt sjølv. Vi har etter kvart fått erfaring, og ungane vert større for kvart år (...og fleire...) det var mykje verre det året alle var tre år!
Litt strikking vart det tid til òg. Iver skal ha julemesse i barnehagen på torsdag, og får med seg to nye
vinterluer. Sjølv er han godt nøgd med den grøne lua si og brukar ho i barnehagen kvar dag.
Advent is just three weeks this year, but we will try to do some nice activities these weeks. Saturday we had 11 kids over to decorate their own Gingerbread house. Chaotic but everybody had fun, and this is a tradition. It was a much worse mess the year almost everybody was three years.
I also managed to squeeze in some knitting. These two winter hats are going with Iver to kindergarten to morrow. They will have a fair later this week.
My blog looks a bit neglected these days, but I have various projects not ready to post until 25th of December. Stay tuned!