9/27/2010

Raud og varm med stjernedryss

Raud kjole

Det vart verken strikka hals eller Snella og Petronella-knappar (sjølv om eg. fann dei) på kjolen min. Halsen er rett og slett berre bretta inn og handsydd med "usynlege" sting. Det vart passe elegant og eg eleminerte farge komplikasjonen. Det hadde sikkert blitt fint med hals i kontrastfarge, men denne gongen ville eg ha heilraudt.

Det er ikkje så lett å fotograferer raudt i utgangspunktet, men denne gongen greidde Ingebjørg-fotografen det fint trass lysmangel. Kjolen har litt lengre ermar og lenger skjørt enn dei eg har sydd før. Det vert ein skikkeleg vinterkjole med varme og energi.

Orda på skjørtet henta frå boka om Tonje Glimmerdal. Eg er så samd i at fart og sjølvtillit er det som trengs, og spør du pappaen min har eg litt av begge deler. Det er eg glad for!

Fart og sjølvtillit

Stjernene er av blodstein, og eit aldri så lite kupp frå då Kathrine rydda litt i butikken.

Så no kan hausten kome, og i kveld skal eg kle meg i ullkjole og sitje på verandaen og kike på stjernene. Vi har strålande haustveir og ekstra fin nattehimmel for tida.

9 kommentarer:

BenteOO sa...

- og innmari fin var den også!

STRIKKEMOR(O) sa...

Flott kjole! Du kler godt raudt!

marit sa...

Kjempefin!

Silje sa...

Strikker du på bestilling? Jeg ønsker med veldig, veldig høyt en Bipper-oransje en.....

Fantastisk flott!

Jorun sa...

Super flott kjole!

Miranne sa...

Fin!!

Randis side sa...

Lekkert! Kor du har fått møsnter fra??

fru Storlien sa...

Den er kjempefin! Og jeg er helt enig - fart og sjøltillit er viktig:

ullfori sa...

Hei - og takk for bloggbesøk og kommentar !
Artig kjole du har laga deg- og eg får nesten litt lyst å kopiere teksten til ullkjole/tunikaen som ligg i sykorga mi ;)
God helg :)