
Eg har handla litt. Det er så lenge sidan eg har fått strikka skikkeleg at eg trong litt inspirasjon.
Knitkid-boka er skrive av Trond Anfinnsen frå Stavanger, men gitt ut på eit amerikansk forlag. Ein skikkeleg smarting. Marknaden for slike bøker er mykje betre der.
Eg las om hatteprosjektet for fyrste gong i 2006 og har sidan det svinsa innom flickr-gruppa med jamne mellomrom for å sjå på alle dei flotte huene Knitkid har strikka. Han byrja å strikke fordi han synest det såg avslappande ut. Det vart mange huer og alle vart fotografter av kompisen Klaus.
I boka Hat heads er dei femti beste samla, men igså grunnleggande strikketips ig lure triks for deg som vil finne på huer sjølv. I tillegg presenterer han hue-eigarane i hyggelege tekstar.
Eg veit ikkje heilt kva som gjer at eg vert glad av å lese denne boka, men kanskje at noko så enkelt kan varierast i det uendelege. Det understrekar det eg likar så godt med strikking. Dei eigentleg enkle maskene som kan brukast til å skape akkurat det du vil.
Garnnøstene på bilete er Pickles-garn. For dokke som ikkje har oppdaga dei endå synest eg at de skal besøke www.pickles.no. Der legg....ut oppskrifter på det meste heilt gratis. No har dei fått sitt eige garn òg.
Eg har kjøpt veldig mjukt kaffibrunt garn i merino, kasjmir og silke. Akkurat no ligg mine nøster pent sånn at eg kan kose litt med det innimellom, men eg trur det skal bli vintersett av ein eller annan type.










