8/26/2009

Som eit eple/ Like an apple

IMG_5710.JPG

Denne kjolen vart ferdig på ein intens sykveld i hovudstaden på forsommaren. Ei god veninne, som eig overlockmaskin, var ein framifrå assistent og mønsteret var det same som i monsterkjolen. Eg kjenne at dette kjem til å bli ein favoritt, men den passar litt betre om hausten enn om sommaren. Eg fekk endeleg med meg ein fotograf ut i kveld, men eg greier sjølvsagt ikkje å halde munn mens han tek bilete. Eg ser ikkje sånn ut heile tida ;-).

Raudfargen berre skreik etter ein liten grøn larve, så den vart hekla og sydd på for hand.

Stoffet denne gongen var skikkeleg bomullsvelur. Det er ikkje så lett å sy i, men med overlock gjekk det kjempefint. Eg trur eg må ynskje meg ei sånn når eg ein gong får arbeidsrom der symaskina kan stå framme.

5 kommentarer:

Habitata sa...

Lekker kjole, om man klikker på bilde eller ser på det lille til høyre...Ellers ser jeg bare litt av skjørtekanten og en støvelett og en fin steinmur! Jeg forsøker å vokne til liv igjen etter ferien. Er jo ute og samler inn det meste jeg finner, så det blir lite tid til blogg og strikkepinner...

Unknown sa...

Ups. Takk. Eg skal fikse. Gjekk litt fort i går :-)

Hilde C. sa...

Flott kjole - og fargen er lekker :-)

duBedåre sa...

Så flott kjole! Skulle ønske det var et lite bilde som viste den lille larven (aldrimett?) retferdighet også, er nysgjerrig på hvordan den ser ut! (o:

eilys sa...

Kjolen er fortsatt nydelig :). Jeg ville også blitt glad for et nærbilde av larven!