
... ei bok du kan lese heilt ut på ein dag, ein saccosekk du kan ligge i og foreldre som let deg lese i ro og fred.
Ingebjørg skulle vore i seng, men eg hugsar så godt kjensla av å bli sugd inn i ei bok dei fyrste gongane. For meg var det Bobsey-barna, Ingebjørg har funne Nancy Drew. Vi har saumfart biblioteket for lydbøker ei stund, men dei gamle Frk. Detektiv-bøkene i mamma si bokhylle vart litt for tunge for åtteåringen. Då eg fann
lille Frøken Detektiv i pocket på Rema forsto eg at dette måtte vere midt i blinken. Som det ser hadde eg rett. Ho var langt inne i fyrste kapittel før vi var gjennom kassa, og held på med dei siste sidene akkkurat no.

Dei fyrste bøkene on
Nancy Drew kom ut allereie i 1941 (1930 på engelsk). Eg reknar med at dei fleste av oss har vore borti Nancy, Bess og George ein gong. Dei siste åra er dei fleste bøkene modernisert og gitt ut på nytt. Det er til og med skrive nokre nye historier, og no kjem altså nokre bøker om den vesle Nancy Drew i tillegg. Kvaliteten på historiene kan sjølvsagt diskuterast (og eg skulle gjerne sett eit nynorsk alternativ), men akkurat når Ingebjørg oppdagar leselukka er Nancy Drew perfekt.
... a book you can read in a day, a beanbag to relax in and parents that let you read and read and read.
Ingebjørg should have been in bed, but I remember so well feeling of being sucked into a book the first time. For me, it was Bobbsey twins, Ingebjørg found Nancy Drew. We bought the book today, and she was deep into the first chapter before we were through check-out, and she is reading as I write.
The first books about Nancy Drew a> was released already in 1930 (1941 in Norwegian). I assumed that most of us have been reading about Nancy, Bess and George some time.