4/16/2009
Lukka er .../ Happiness is ...
... ei bok du kan lese heilt ut på ein dag, ein saccosekk du kan ligge i og foreldre som let deg lese i ro og fred.
Ingebjørg skulle vore i seng, men eg hugsar så godt kjensla av å bli sugd inn i ei bok dei fyrste gongane. For meg var det Bobsey-barna, Ingebjørg har funne Nancy Drew. Vi har saumfart biblioteket for lydbøker ei stund, men dei gamle Frk. Detektiv-bøkene i mamma si bokhylle vart litt for tunge for åtteåringen. Då eg fann lille Frøken Detektiv i pocket på Rema forsto eg at dette måtte vere midt i blinken. Som det ser hadde eg rett. Ho var langt inne i fyrste kapittel før vi var gjennom kassa, og held på med dei siste sidene akkkurat no.
Dei fyrste bøkene on Nancy Drew kom ut allereie i 1941 (1930 på engelsk). Eg reknar med at dei fleste av oss har vore borti Nancy, Bess og George ein gong. Dei siste åra er dei fleste bøkene modernisert og gitt ut på nytt. Det er til og med skrive nokre nye historier, og no kjem altså nokre bøker om den vesle Nancy Drew i tillegg. Kvaliteten på historiene kan sjølvsagt diskuterast (og eg skulle gjerne sett eit nynorsk alternativ), men akkurat når Ingebjørg oppdagar leselukka er Nancy Drew perfekt.
... a book you can read in a day, a beanbag to relax in and parents that let you read and read and read.
Ingebjørg should have been in bed, but I remember so well feeling of being sucked into a book the first time. For me, it was Bobbsey twins, Ingebjørg found Nancy Drew. We bought the book today, and she was deep into the first chapter before we were through check-out, and she is reading as I write.
The first books about Nancy Drew was released already in 1930 (1941 in Norwegian). I assumed that most of us have been reading about Nancy, Bess and George some time.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Ser koseleg ut dette! Eg las også alle Frøken Detektivbøkene eg kom over i min barndom. Men som deg starta eg med Bobseybarna. Ein bokserie eg også likte veldig godt var Ina-bøkene. Hugsar ikkje namnet på forfattaren. Samme med Puk-bøkene. Eg las veldig mykje, og det meste var på bokmål. Det prega nok litt rettskrivinga mi på barneskulen og begynnelsen på ungdomsskulen, trur eg. Men i lengda er det nok heilt greit og mest positivt!
Frøken Detektiv, Bobseybarna, Lykkebarna, Ina-bøkene(skrevet av Annik Saxegaard)- og så gikk det over til Jack London , Alistair McLean, Agatha Christie- og fremdeles forsvinner jeg helt i boka! Kan forresten anbefale Judy Moody- bøkene av Megan McDonald! Åshild fikk første boka til 9-årsdagen, hun leste den ut på tre dager, og jeg måtte til bokhandleren og kjøpe nr. 2! Nå har hun fått-og lest- hele serien. Det har jeg også...;-D
Åh! Leselykke! Det er utrolig flott å kunne la seg fange helt av en bok, og forsvinne inn i den. For tiden har strikkinga overtatt litt, men jeg kjenner leselysten kommer snikende...
Legg inn en kommentar