12/04/2009
4. desember
Det var eg som fekk opne julekalender hos oss i går. Iver hadde proklamert for minst ei veke sidan at han trengte ikkje kjøpe noko, for han hadde laga adventsgåve. I verdas søtaste eske låg eit sirleg utklipt, raudfarga hjerte med teksten: "TIL MAMA ADVENT GAVE". Heldige meg!
Vi er heldigvis ikkje fleire enn fire i familien, for då går adventskalenderen opp. alle må kjøpe seks pakkar kvar og dei vert hengt opp etter eit skjema som vert henta fram kvart år. EDet er nok den viktigaste juletradisjonen vi har.
Ute i bloggverda er det mange som kalenderbloggar i år. Merete har samla nokre av dei her.
Eg og nissane har tenkt å halde det gåande i nokre veker til, og for dei som kommenterer tre gonger eller meir innan julafta er med i trekning av nyttårsgåve. Lukke til!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Det er så koselig når barna tenker på oss mammaer også! Nå blir det spennende å se hva nissene kommer til å få selskap av i kalenderen.
Være med på gavetrekning, det vil jeg selvsagt!
Koslig med julekalender, i år vart desverre mine for stor til det.Kalenderene ligg langt inne i eit skap, synd det. Du er heldig som fekk trekke den koslige pakken i dag.Ha ei god helg.
Veldig hyggelig (og hjertegodt) når barn finner ut at det er stor glede i å gi også!
Jeg koser meg med kalenderne din i år, - har jeg sagt det før, kanskje?
Legg inn en kommentar