2/22/2009

Ryddig?/ Tidy?

IMG_2514.JPG

Eg har rydda i strikkekorga, og fått ei slags oversikt over uferdige prosjekt. Dette inkluderer ikkje prosjekt eg har kjøpt garn til men ikkje lagt opp og alle prosjekta eg har i hovudet. Saum er heller ikkje inkludert.

For å forenkle oversikta har eg sortert prosjekta i tre ulike bloggpostar; Nedpakka - I arbeid - Prioritert

Utover ryddinga har eg ingen galne mål om at alt skal fullførast eller utidige fristar. Det er mine strikkeprosjekt og eg gjer akkurat som eg vil med dei - heldigvis!

Du kan rekne det som sikkert å sjå andre ferdige prosjekt i bloggen før eg er ferdig med desse.

I have organized my knitting basket, and got a kind of overview of the unfinished projects. This does not include projects I have purchased yarn for but not cast on nor the projects I have in my mind. Sewing is not included.

To simplify the guide I have listed the projects in three different blog posts; Packed away - In work - Priority

Beyond tidying I have no crazy goals about finishing everything. It is my knitting and I do exactly as I want with it - fortunately!

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Så flink du har vore til å rydde i arbeida dine! Eg får sjokk kvar gong eg går gjennom mine uferdige prosjekt, så eg trur eg står over denne ferien...Ha ei fin veke!