2/26/2008

Ingebjørg sin mp3-spillerveske

IMG_3355.JPG

Mamma strikket den til meg.

(Eg har ein gjestebloggar i dag, men mammaen måtte ta seg av spesifikasjonane: mp3-veska er strikka i ein rest grønt, mjukt Debbie Bliss cashmerino og fora med den siste biten vi har att av ei gamal truse med bamsar på).

2/24/2008

Raud spiral til meg/ Red spiral for me

IMG_3344.JPG

No er ting ved det vanlege att. Eg har plukka fram det raude garnet, eller det er meir burgunder denne gongen. Dette prosjektet er ei samling favorittar;

Farge - RAUD
Garn - MALABRIGO
Designer - NORAH GAUGHAN
Bok - KNITTING NATURE

Denne boka fekk eg til bursdagen i fjor og vert aldri lei. Gaughan har brukt naturen og matematikken som inspirasjon, og det er fantastisk å sjå korleis dei geometrikse figurane glir saman til fantastiske plagg.

Spiralskjerfet har eg hatt på strikkelista i lang tid. Det er så elegant gjort. Sekskantar med ei og ei maske mindre i kantane for kvart ledd. Eg har planar om at min raude spiral skal friske opp eitt av mine heilsvarte antrekk. No er eg så utålmogig på neste lapp at eg må finne fram strikkepinnane att.

I'm knitting red again. Norah Gaughan's Spiral Scarf has been a favourite for a year, and I finally found the perfect yarn in my stash; Malabrigo worsted.

I really love all Norag Gaughan's designs. It is really inspiring to se how all the different shapes find each other and make perfect garments.


Ravelry

IMG_3351.JPG

2/21/2008

Personleg overlevering

07022008(001).jpg

Tidlegare i år skreiv eg om nokre vottar som aldri rakk å bli fotografert før dei gjekk i juleposten. Det viste seg at desse vottane aldri var kome fram til rette juletreet (håper nokokn andre fann dei og ikkje frys på fingrane lenger...). Eg tok difor ingen sjansar med par nummer to. Det vart frakta personleg til Oslo og overlevert mottakaren over ein betre lunsj.

Den veldig forseinka julegåva vart ikkje til heilt utan komplikasjonar. Slik såg det ut då eg trudde eg nesten var ferdig...

IMG_3262.JPG

Det var ikkje tid til å strikke ein ny venstre-vott før Osloturen, men eg trylla litt med nål, garn og strikkepinnar. Eg trur ikkje eigaren har oppdaga at tommelen måtte flytte.

IMG_3327.JPG

Ho med vottane har akkurat hatt bursdag, så då vart det ny lue som passa til vottane. Miski-garnet er berre heilt fantastisk mjukt. Eg er inne i ein veldig blå periode berre på grunn av det garnet, men då får eg ikkje strikka noko til megsjølv. Tenk om dei hadde laga det i raudt...

PS: Ynskjelisteservice: her, her og her.

Av ein eller annan grunn har eg sett eg ut noko eg treng om eit års tid òg.

Perle nummer ein/ Bead number one

IMG_3306.JPG

Nummer ein i 2008.

Det er fleire perler på veg. Akkurat denne har eg gitt vekk.

Number one in 2008.

I've got more beading plans to come. This one has been gifted.


IMG_3315.JPG