1/02/2008

#1 - Babylama vottar/ Baby llama mittens

nye vottar

Eg startar året med ny "bloggfrisk", og håper den varar ei stund. Det vart laga mykje rart i 2007 som ikkje vart fotografert, men eg har valgt å ikkje ha dårleg samvet for det. Det kjem truleg til å bli strikka litt i 2008 òg. Tida vil vise om eg kjem til å vise det fram.

Desse vottane er det fyrste som vart ferdig i år. Mjuke babyllama-vottar. Eg strikka eit litt større par til ei venninne til jul, men dei rakk ikkje å bli fotografert før dei gjekk i posten. Fargen trur eg er perfekt (...eller kva, Barbro?).

Oppskrifta vart til undervegs, så eg håper dei passar. Garnet fann eg hos Mauds. Veldig mjukt, så Ingebjørg måtte få eit par ho òg. Dei gjkk rett på - til stor misunning frå lillebroren. Det spørs om ikkje det vert endå fleire vottar i "lamapels".

Blomane er restar av juletulipanane. No har dei gleda oss i nesten to veker!

I knitted a larger pair of these mittens for a friend for Christmas - but didn't have time to take any photos. The pattern was made up while knitting, and I hope the size fits the new owner.

The yarn is so soft, the colorway was prefect for my daughter and I just had to make another pair.


Ravelry

1 kommentar:

Guro sa...

Godt nyttår!
De vottene så kjempefine ut :O)