
Dette garnet har hatt ein lang veg mot det endelege resultatet. Det har vore fast (og hemmeleg) ferge-strikketøy i heile desember, og skulle fyrst bli nye mjuke vottar. Eg fann fort ut at eg ikkje hadde nok garn til meir enn ein og ein halv herrevott :-(. Det var berre å rekke opp.
Neste prosjekt var ei heimekomponert hue, men det vart berre tullball, så eg fann meg ei oppskrift; Utopia Hat.
Det vart ikkje nok garn til den heller.
Med litt improvisasjon på slutten vart hua endeleg klar i kveld, og mannen påstår at den passar fint. No må eg vel kjøpe nok garn til vottar.

This yarn (Mirasol Sulky) has been frogged a few times. It was intended for mittens, but ended up as a modified Utopia Hat.
Ravelry
3 kommentarer:
Han ser veldig fornøyd ut i sin nye flotte lue. Godt nytt år :-)
Godt nyttår!
Knallfin lue du hadde laget. Er også spent på hvordan det går med forbrydelsen-genseren! Veldig stilig prosjekt. Håper det er greit jeg har linket til deg på siden min - har strikket lue etter en oppskrift du laget i fjor.
For en flott lue!! Lagt den på favoritter og jeg lurer på om vi kan komme med forslag til luealongen, hm......
Legg inn en kommentar