6/15/2008

Syhelg/ Sewing weekend

IMG_3833.JPG

Eg har vore på mitt fyrste sykurs - sjølvsagt eit veskekurs!

Det var veskedesignaren André Rustad Wallenborg som hadde tatt bussen over fjellet for å holde kurs. Sidan eg har ønskt meg ei Wallenborg-veske nokre år no (og ikkje hatt nok pengar til slikt...), var det veldig kjekt å lære lure vesketriks frå meisteren sjølv.
Vi rakk å sy to vesker, og lærte veldig mange teknikkar som kan brukast på eigne ting. Sminkepungen har plastframside og ei genial glidlåsløysing. På den grøne veska fekk eg med meg fasong, god botn og lure hankar.

I've been to my first sewing class. The Norwegian bagdesigner André Rustad Wallenborg also teaches classes, and I learned a lot from his clever designs this weekend. 

IMG_3836.JPGIMG_3835.JPG

Vel heime måtte eg repetere litt for å sjekke om eg hadde lært noko. Det trur eg var lurt, for då oppdaga eg eit par smarte ting til.

På den vesle veska er bileta overført til filt og lagt under plast. Plasten viser ikkje så godt på biletet, men eg trur dette er ein smart måte å bevare denne type bilete lenger. Det er allereie fleire i familien som har ynskt seg eigne motiv :-).

Eg mangla sjølvsagt det meste for å lage den same veska som på kurset, men improviserte litt og fekk hjelp av Iver til designet. Han ville at vi skulle lage handlenett med humler på (sikker inspirert av dei to kvepsebola vi har oppdaga under terrassen).

Det vart handlenett, og eg fekk teste om eg greier å skalere og tilpasse mønsteret. Det gjekk fint, så no har eg minst ein plan til. Ventar berre på litt svart kanvas.

I tested my new skills on a few more bags, and have a lot of new ideas. I just need more black canvas.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Heisann! Fann deg i Haldis sin blogg, og måtte kikke innom for å sjå kva du bloggar om. Imponert over alt du har strikka - mykje flott!

Kurset i helga var knallbra! Eg også kom heim med inspirasjon i bøtter og spann.

merete sa...

Kjekt å se at kurset falt så i smak! og at du har sydd så innmari flotte vesker etterpå.
Måtte bare blogge om det, - her.

Inger sa...

Kjempefine vesker du har sydd. Alltid lærerikt med kurs.

Anonym sa...

Hei og takk for sist. Var eit veldig kjekt kurs. Fine vesker du har sydd.Smart med bilder under plasten,den var fin.Nettet var og fint.Fin blogg du har med mange strikka ting som du lagar.

Anonym sa...

Så flotte vesker du har laget. Det må være kjekt å få seg et kurs for å hente inspirasjon og nyttige tips. Det burde virkelig jeg også gjort.

Anonym sa...

wow, I love the 3833 (photonumber) brown with black bag. It is beautiful and so trendy and elegant. You are a real artist.

Anonym sa...

Kjempeflotte vesker!! :) Ha ei fin helg!