
Nokon er meir glad i mjuke ting enn andre. Iver har nok ein gong fått ynskje om eit nytt kosedyr oppfyllt.
Det er vel den perfekte kombinasjonen - ein mamma som likar å strikke små vesen og ein son som ikkje kan få nok mjuke vener. Sidan hovudvenen Hunden av ein eller annan grunn har overnatta i barnehagen og Iver låg slapp på sofaen etter ei natt med oppkast, passa det godt at mammaen kunne trylle fram ei ny mus i dag.
Mønsteret er henta frå Lucinda Guy si fantastiske bok "Designstrikk til barna" den har eg sikla på lenge, så under Mammutsalet i vår slo eg til. Den har både kosedyr, kle og andre småsaker. Dessverre berre opp til str 5 år, så no er vel ungane mine snart for store. Det er illustrasjonane med kombinasjon av fotografi og teikning som gjer denne boka spesiell.
Kosedyra er strikka i intarsia (norsk ord her?), og det er ikkje min favoritt, men eg må ver berre øve meg på det òg :-). Musepappaen er i alle fall fornøgd og har kalla musa opp etter ein dverghamster som heiter Nokia.
I love knitting softies, and my son can't get enough of them. This sounds like a perfect combination, but he has a lot of softies...
Iver was sick and his best friend Dog had a sleepover in the kindergarten to night, but at least his mum could make him a mouse. The mousepattern is from Handknits for kids by Lucinda Guy
Ravelry

4 kommentarer:
Kjempesøt:)
Må passe på at ungene ikke ser denne bloggen, de er ivrige på å se etter noe jeg kan strikke til de hihi. Masse flotte ting du lager!
Oi, ser på siste bilde at den er mye større enn jeg trodde! Den er supersøt! :D
Oh.. den var flott!! :)
Ha ei fin helg!
Legg inn en kommentar