2/21/2008

Personleg overlevering

07022008(001).jpg

Tidlegare i år skreiv eg om nokre vottar som aldri rakk å bli fotografert før dei gjekk i juleposten. Det viste seg at desse vottane aldri var kome fram til rette juletreet (håper nokokn andre fann dei og ikkje frys på fingrane lenger...). Eg tok difor ingen sjansar med par nummer to. Det vart frakta personleg til Oslo og overlevert mottakaren over ein betre lunsj.

Den veldig forseinka julegåva vart ikkje til heilt utan komplikasjonar. Slik såg det ut då eg trudde eg nesten var ferdig...

IMG_3262.JPG

Det var ikkje tid til å strikke ein ny venstre-vott før Osloturen, men eg trylla litt med nål, garn og strikkepinnar. Eg trur ikkje eigaren har oppdaga at tommelen måtte flytte.

IMG_3327.JPG

Ho med vottane har akkurat hatt bursdag, så då vart det ny lue som passa til vottane. Miski-garnet er berre heilt fantastisk mjukt. Eg er inne i ein veldig blå periode berre på grunn av det garnet, men då får eg ikkje strikka noko til megsjølv. Tenk om dei hadde laga det i raudt...

PS: Ynskjelisteservice: her, her og her.

Av ein eller annan grunn har eg sett eg ut noko eg treng om eit års tid òg.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så kjedeligt at det første votteparet ikkje kom frem.

Men mottager er sikkert kjempefornøgd no når ho har fått
fine vottar og lue personleg overrekt.

Ha ein fin dag.

Anonym sa...

Nydelig sett i supernydelig farge!!!! Snill du som lager så fine ting til venninna di :)