2/25/2007

(Nesten) ny gang/ (Almost) new hall

070225 gangen nesten ferdig.jpg

Etter systematisk arbeid denne helga har vi endeleg oppgradert gangen vår. Den trong både nokre strøk måling og nytt golv.

Gangen er ikkje stor, men det tok nokre timar likevel. Assistenten vår måtte stortsett greie seg sjølv, og stovegolvet vart kjapt gjort om til snekkerbu. Den observante lesar har nok sett at vi manglar lister. Vi var ikkje trygge på resultatet av golvlegginga og greidde ikkje bestemme oss for listene då vi var i butikken, men komande veke vert det nok kvite enkle lister langs veggane. Fleire detaljar her og meir av golvet her.

Biletet lyg litt også. Ein slik gang er utopisk for ein familie på fire midt på vinteren. Dette er meir realistisk...

Og vi takkar IKEA for NORREBO benk. Gjett kva som bur oppi der...

We upgraded our tiny hall this weekend. Paint and new flooring made it lighter and more suited for melted snow and sand. More details here.

And this picture does not show the real finnished version. This is more likely for a family of four at winter time. The bench is NORREBO from IKEA.

2/23/2007

Luksusvarme/ Luxury heat

070222 kasjmir.jpg

Kasjmir må reknast som luksusgarn, men akkurat denne ull-luksusen unnar eg dei stive, vonde hendene til mamma. Så mjuke og varme, og akkurat passe elegante.

Kasjmirull
er underull frå kasjmirgeita og er kjenneteikna av ekstremt lange og tynne fiber. Difor vert det både mjukt og veldig varmt. Kvar geit gir ikkje så mykje ull, og prosessen er arbeidskrevande. Det forklarar vel prisen...

Garnet var veldig godt å strikke med, men eg fekk ikkje ullkjensla mens eg strikka. Det kjennest nesten ut som mjuk bomull. Dei ferdige pulsvarmarane derimot var gode som (g)ull.

...og mammaen min likar dei. Det er det viktigaste!

I've made these wristwarmers for my mother. Real luxury wool, but I think her hands deserves it. Soft, warm and a perfect style.

This was my first experience with cashmere wool, and it does not feel like wool while knitting. More cotton-ish? ...but the finnished wristwarmers feels like wonderful wool.

...and my mother likes them.

Her er forresten prosjektet denne helga.

This weekends project.

2/17/2007

Multismykke

070217 perler på ei snor.jpg

Nesten to meter perler tett i tett kan brukast til så mangt. Her heng dei til pynt i gangen, men eg fann i alle fall 5 ulike måtar å sno det rundt halsen. I tillegg kan det nok brukast som både belte og bordpynt.

Eg håper mottakaren vert fornøgd. Sjølv skal eg lage meg eitt grønt, og kanskje eg treng eit raudt òg...

This is two meters of tiny beads...

2/03/2007

Miniswap sniktitt/ Miniswap sneak peak

070203 lage memory.jpg

Molly
arrangerer miniswap i år også, og vi har fått vere med. Vi skal sende pakke til Elliot og Courtney i Michigan. Elliot er akkurat like gammel som Iver, så det passa ganske bra. Iver har vore med å bestemme kva vi skal lage og sende, og i dag lagde vi memory spel. Resten av pakken har Ingebjørg hjelpt til med, men det får vere hemmeleg til den kjem fram til Elliot.

Då eg var omtrent like stor som Iver er no lagde mamma eit slikt spel til meg. Det er eit av dei viktige barndomsminna, og bileta frå det spelet hugsar eg veldig godt.

Eg kunne difor ikkje tru mine eigne auge då eg var i ein bokhandel på jakt etter glans til memory spel tidlegare i veka. Der var akkurat dei samme blida. Heilt like, med like mykje glitter og identiske fargar. Det er vel ikkje nødvendig å fortelle at eg kjøpte litt ekstra...

We are participating in this years miniswap, and got Elliot and Courtney as partners. Elliot and Iver are the same age, and Iver has helped finding out what to send. Today he even made a game - with a little help...

The rest will be a secret until the package arrives in Michigan.

When I was about three years my mum made me a memory game. I've always loved the pictures on those cards, and I didn't belive it when I found exactly the same pictures in a bookstore earlier this week. I bought a few extra...

070203 glansbilder.jpg

2/01/2007

Eg syr igjen/ Sewing again

070201 filtmapper.jpg

Eg har ikkje vore godvenner med symaskina på lenge, men no trur eg at eg har lyst å prøve meg att. Det er litttiltak å ta fram maskina og alt utstyret på kjøkenbordet etter at ungane har lagt seg, men det er alltid kjekt når eg kjem i gong.

Desse småveskene er inspirert av toalettmapper frå Tildas hus. Eg har berre brukt ullfilt, så då vert det enklare å sy utan for og for mykje sikksakk. Eg er ikkje flink til å sette i glidlås, men det er vel berre å øve seg. Nokon som veit korleis eg er sikker på at eg glidlås er av god kvalitet. Fleire av dei eg prøvde på i dag gikk ikkje skikkeleg igjen.

I haven't been friendly with my sewing machine lately, but I've tried again today.

I need to practice on putting in zippers, and these small purses are easy to make. Using woolfelt makes it even easier.