6/09/2006

Travel postmann

090606 marihone.jpg

Heldige meg har fått ein skikkeleg MagFly-overraskelse i posten. Tussilago fann nokre marihøneknappar ho meinte ville få det fint hos meg (...og det er ikkje usannsynleg), også hekla ho like godt ei marihøne som kunne passe på dei på vegen. Den er kjempefin og eg har i alle fall ikkje hjerte til å bruke den som nålepute. Iver har fått låne den litt, og eg vert skikkeleg glad av å sjå på den. Tusen takk!

...men det er ikkje det einaste vi har fått i posten i det siste. Ungane var med i Molly sin Miniswap tidlegare i vår og sendte pakke til Sophie og Cristopher i Cincinatti. No fekk vi ein flott pakke i retur. Kvar sin bag med teiknesaker, magnetar, kattepus og andre magiske saker. Det skal viss vere ny Miniswap til hausten, og då prøver vi oss nok igjen. De kan sjå litt bilder av pakkeopninga her.

Eg har også nokre pakkar eg skal sende, men det ventar vi litt med å vise fram.

Ingen kommentarer: