
Eg fann etter mykje leiting her heime knepplåsar i København. Hovudet har tenkt mykje på korleis eg skal bruke desse dyrebare låsane og her er dei fyrste forsøka. Den grøne er mi nye mobilveske. Det er akkurat plass til mobilen og øyretelefonane. Litt ekstra stæsj får eg vel også oppi viss eg vil. Den er strikka i Baby silk alpakka, fora med raudt stoff og pynta litt.
Den grå er ei gåve sjølv om eg framleis kjenner meg litt på forsøksstadiet med desse låsane. Dei er litt krøkkete å feste, men eg må vel øve meg. Sjølve veska er vamsegarn som er strikka glattstrikk og tova. Den vart litt tjukk, så neste gong brukar eg 3-trådsgarn.

This is fun, but I need practise and there will be more purses...
2 kommentarer:
Jättesöta, särskilt den gröna!
Synes sånne låser er så fine!
Kjempefine små vesker :O)
Legg inn en kommentar