2/13/2006

Raud halsgrop-blomst



Dette er eit skikkeleg MagFly-smykke. Eg likar godt å blande glasperler med ull i ulike variantar. At raudt er favorittfargen er vel ikkje hemmeleg heller.

Eg har brukt tynn kid-mohair og tynn heklekrok for å få ein liten blomst. Når den ligg så tett opp i halsgropa treng den ikkje vere større. Desse smykka kan varierast i alle variantar med fargar, perletypar, blomestorleik... Det vert nok ikkje det siste av denne typen i år.

Ingen kommentarer: